top of page
Herzog framside til nett.jpg

Werner Herzog

Om å gå i frost

Omsett av Gunstein Bakke

Etterord av Mikaela Blomqvist

128 sider

I november 1974 får Werner Herzog ein telefon ­om at Lotte Eisner, den berømte filmhistorikaren, ­er ­alvorleg sjuk. Han bestemmer seg for å gå frå München til Paris, utstyrt berre med ein ryggsekk, eit kompass og ei notatbok. Han inngår ei pakt med seg sjølv: Om han klarer å gå heile vegen – ein 800 ­kilometer lang tur – så vil «Eisnerinna» overleve.

 

Om å gå i frost er ei merkverdig lita bok om viljens makt og ­avmakt, og ikkje minst om den innsikta som berre kan stamme frå kroppen. Notata til Herzog skildrar landskapet, vandringa og hans eigne indre kampar.

​

*​

Werner_Herzog.jpg

Foto © Lena Herzog

Den tyske filmskaparen Werner Herzog (f. 1942) har laga nokre av verdas mest kjende doku­mentar- og spelefilmar, og har mottatt ei lang rekke prisar og utmerkingar. Til verket hans høyrer også bok­utgivingar og operaer. Med Om å gå i frost blir eit litterært verk av Herzog for første gong gitt ut på norsk.

​

*

28.02.26 Filmatisk vandring (melding i Klassekampen ved Kåre Bulie).

28.02.26 Oppstrøk (nemnd i intervjuet med månadens poet Inger Bråtveit).

21.02.26 Viljens monomani (essay av Mikaela Blomqvist i Klassekampen).

© SLOW FIRE PRESS 2026

bottom of page