top of page

Byung-Chul Han

Utmattingssamfunnet

Omsett av Runa Kvalsund

Forord av Fredrik Wilhelmsen

96 sider

Vi blir utbrende og ulykkelege – ikkje fordi ei streng røyst utanfor oss sjølve nektar oss å forfølgje draumane våre, men fordi vi høyrer ei stemme inni oss kviskre: Kom igjen, bli den beste utgåva av deg sjølv.

​

Dette er bodskapen til Byung-Chul Han, som med det filosofiske essayet Utmattingssamfunnet etablerte seg som ein skarp ­kritikar av prestasjonskulturen. Her skildrar han korleis det stadige presset om å meistre og oppnå mest mogleg, fører til ei ­kollektiv utmatting – men han presenterer også ein måte å løyse ­dette på. Bøkene hans er omsett til meir enn 30 språk, og med Utmattingssamfunnet blir han for første gong utgitt på norsk.​​​

​

*

Foto © Massimiliano Minocri.png

Foto © Massimiliano Minocri

Byung-Chul Han er fødd i Seoul i 1959. Han studerte filosofi, tysk ­litteratur og ­katolsk teo­logi i Freiburg og München. Sidan har han undervist på ­Universitetet i Basel og ved Staatliche Hochschule für Gestaltung Karlsruhe og har vore ­pro­fessor i filosofi ved ­Universität der Künste Berlin. No er han forfattar på heiltid, busett i Berlin

​

*

06.03.26 På veg mot mellomtida (melding i Norsk Tidend ved Jógvan Helge Gardar)

27.12.25 Beatles og kulturrevolusjonen (Stavanger Aftenblad)

© SLOW FIRE PRESS 2026

bottom of page