top of page

«Ein trur ikkje sine eigne auge når ein les bøkene hans»

– Herta Müller

Max Blecher, son av ein jødisk handelsmann og butikkeigar, blir fødd 8. september 1909 i BotoÈ™ani, Romania. Etter studenteksamen i 1927 reiser han til Paris for å studere medisin. I 1928 blir han, 19 år gammal, råka av skjelettuberkulose og må avbryte studia. Han blir sengebunden dei siste ti åra av livet sitt, og søker behandling på ulike sanatorium rundt om i Europa: Berck i Frankrike, Leysin i Sveits og i Techirghiol ved den rumenske svartehavskysten.

 

Trass i sjukdommen skriv han nokre av Romanias mest interessante tekstar. Han debuterer som prosaist i 1930 med novella «Herrant» i Tudor Arghezis tidsskrift Bilete de papagal, han skriv i André Bretons litteraturtidsskrift Le Surréalisme au service de la révolution og brevvekslar intenst, blant anna med Breton, André Gide, Martin Heidegger, Ilarie Voronca, Geo Bogza, SaÈ™a Pană og Mihail Sebastian. I 1934 gir Blecher ut diktsamlinga Corp transparent («Gjennomsynleg kropp»). Han publiserer kortprosa og essay (om poesi, filosofi og kunst, om Blake og Kierkegaard) i ulike tidsskrift.

​

I 1935 flyttar han til eit hus i utkanten av byen Roman i regionen Moldova, der han skriv romanane Întâmplări în irealitatea imediată (Hendingar i den umiddelbare uverkelegheita) og Inimi cicatrizate (eng. Scarred hearts), som blir gitt ut i BucureÈ™ti i 1936. Blecher døyr den 31. mai 1938 i Roman, 28 år gammal.

 

Sanatoriedagboka Vizuina luminată: Jurnal de sanatoriu («Opplyst hole») blir publisert posthumt, først delvis i 1947, deretter komplett i 1971. Samleutgåva M. Blecher, Întâmplări în irealitatea imediată; Inimi cicatrizate kom i 1999, den inneheld også diktsamlinga Corp transparent, i tillegg til introduksjon, korrespondanse og nyskriven kritikk. Max Blecher, mai puÈ›in cunoscut («Den ukjente Max Blecher») kjem i 2000, og inneheld all brevveksling og resepsjonshistorie.

​​

I 2016 kjem filmatiseringa av Inimi cicatrizate (Scarred hearts), regissert av Radu Jude. Blecher har blitt omsett sidan midten av 70-åra, og er så langt tilgjengeleg på fransk, tysk, spansk, tsjekkisk, ungarsk, nederlandsk, svensk, dansk, italiensk, estlandsk, gresk, portugisisk, tyrkisk, polsk og engelsk. Den norske utgåva er omsett via svensk og engelsk.

© SLOW FIRE PRESS 2025

bottom of page